Sondre fekk Asperger syndrom i 2015:

Foreldra kjempa for eit betre liv for sonen

Sondre Vikene (17) studerer mediefag på vidaregåande, med eit godt støtteapparat rundt seg på skulen. Men det har ikkje vore slik heile tida. Foreldra fortel om alvorleg mobbing, utestenging, skulevegring og diagnosen Asperger syndrom som skulle snu livet på hovudet.

ASPERGER SYNDROM: Foreldra til Sondre Vikene fortel om diagnosen som skulle snu livet deira på hovudet.  Foto: Privat.

Nyheter

I april 2002 vart Sondre Vikene født på Volda sjukehus. Då foreldra, Per Martin Vikene og Siw Rotevatn Vikene, fekk halde sin førstefødde son i henda for fyrste gong, visste dei lite om kampen dei hadde i vente.