Har du ei Silent Eco baderomsvifte kjøpt mellom 2012 og september 2017, bør alarmen gå.
Brannfarlig vifte tilbakekalles
Vifteprodusenten Flexit tilbakekaller baderomsviften Silent Eco etter flere branntilløp.
– Skru av brytaren med ein gong, og få ein elektrikar til å demontere vifta. Vi erstattar den med ein ny! Kan du vise til kvittering ved installasjon av vifta, vil også demonteringa verte refundert.
Administrerande direktør: Knut Skogstad, Flexit. Foto: Presse
Det seier administrerande direktør Knut Skogstad i Flexit, leverandøren i ei pressemelding.
Avdelingsleiar Anne Rygh Pedersen i Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) oppmodar også folk om å ta ein sjekk:
– Det er viktig at alle tar ansvar og sjekkar om det er fleire vifter som bør leverast inn, seier ho.