Kjensla av tryggleik er erstatta med uro

Laurdag var kvelden før Eid-ul-Adha. Ein kveld lik nyårsaftan for muslimane. Eid er ei tid for samhald. Til trass for at dei ikkje lenger føler seg like trygge, lar dei ikkje terrorattentatet som skjedde i Bærum øydeleggje feiringa.
Nyheter

(Vikebladet Vestposten): Najim Abdy Ihadi var i den vesle moskeen ved asylmottaket i Ulsteinvik tre minutt over klokka fire søndags morgon for å be – då han fyrst fekk høyre om terrorattentatet i Bærum.