Vil ha nasjonalt ferjekontor i Møre og Romsdal

- Eit nasjonalt ferjekontor må bli lagt til det største ferjefylket, meiner fylkesutvalet.

  Foto: Staale Wattø

Fylkesordfører Jon Aasen (Ap).   Foto: Staale Wattø

Nyheter

Som ein del av omstillingsarbeidet i Statens vegvesen og Vegdirektoratet, har det vore diskutert å etablere eit landsdekkande kontor for ferjeforvaltninga.

Eit samla fylkesutval i Møre og Romsdal ser det som naturleg at eit nasjonalt ferjekontor vert lagt til landets største ferjefylke, Møre og Romsdal. Det skriv fylkesordførar Jon Aasen (Ap) i ei pressemelding.

Møre og Romsdal er det største ferjefylket i landet, med nær sju millionar køyretøy og over 14 millionar passasjerar i året, opplyser Aasen.

– I tillegg ligg Møre og Romsdal midt i mellom fleire andre ferjefylke, med svært gode kommunikasjonar til resten av landet. Dette gir nærleik til områda der ferjeutfordringane ligg og der drifta skjer, seier han i pressemeldinga.

Internasjonalt leiande maritimt kompetansemiljø

Ifølgje Aasen er også Møre og Romsdal fremst i landet til å ta i bruk ny teknologi i ferjetilbodet. Fylket har som kjend også ei stor maritim klynge med eit internasjonalt leiande kompetansemiljø innan maritime operasjonar, logistikk og engineering.

Fylket har også eit sterkt fagmiljø på veg- og samferdselsområdet og er spesielt godt eigna til å vere vertskap for landsdekkande funksjonar i framtidas vegforvaltning, ifølgje Aasen.

– Ei lokalisering av eit nasjonalt ferjekontor i Møre og Romsdal vil vere ei lokalisering midt i smørauget både geografisk og praktisk, og midt i eit knallsterkt maritimt kompetansemiljø, meiner fylkesordførar Jon Aasen.