Minus for sjukehusa også i sommar

Sjukehusøkonomien i Møre og Romsdal er ikkje blitt betre i løpet av sommaren. Som venta blei det underskot også i juni og juli.

Kutt: Nils Kvernmo er konstituert administrerande direktør i Helse og Møre og Romsdal. I tida framover vil det bli klart kva kuttiltak som skal gjennomførast for å spare pengar.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Helse Møre og Romsdal melder at det som venta blei eit negativt avvik på minus 2,8 millionar kroner for juni og minus 0,8 millionar kroner for juli.

Årsprognosen er minus 88,2 millonar kroner og er uendra sidan førre rapportering, ifølgje heimesida til helseføretaket.

– Resultatet for juni og juli viser ikkje dei store avvika samla sett, men vi ser at den underliggande drifta er utfordrande, seier adm. dir. Nils Kvernmo.

Jobbar med fleire tiltak

Han seier vidare at det på kort sikt vil vere for krevjande å kome ned på eit driftsnivå som gjer at ein greier resultatkravet for 2019 som er minus 32,2 mill. kroner.

Helseføretaket jobbar no med fleire tiltak for å få redusert kostnadene i drifta. I første runde har Kvernmo fått i oppdrag å redusere kostnadsnivået tilsvarande 130 årsverk.

I løpet av juni og juli har alle dei sju klinikkane i tillegg til sentral stab arbeidd med å konkretisere kuttiltak.

Går gjennom kuttforslaga

Leiargruppa skal gå gjennom innkomne forslag 20. august. Før ein konkluderer lovar Kvernmo at tilsette vil bli involvert i prosessen og det blir fleire møte med tillitsvalde.

Etter planen skal leiargruppa godkjenne forslaget til årsverkreduksjon 11. september.

Ein forventar økonomisk effekt for nokre av tiltaka frå september/oktober.

Om tiltaka får effekt frå oktober er kostnadsreduksjonen berekna til om lag 20 millionar kroner i 2019 og 85 millionar kroner i heilårseffekt.

Styret i Helse Møre og Romsdal får ei orientering i styremøtet 25. september om korleis kostnadsreduksjonen er tenkt gjennomført.