Har den nest nordlegaste journalistikkutdanninga

To konkurrentar til Volda har gitt tapt

Sett bort ifrå Samisk Høyskole i Kautokeino, har Volda no Norges nordlegaste journalistikkutdanning.

Høgskulen i Volda: Ivar Aasen-bygget er eit av bygga som husar medielinjene ved høgskulen.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Nyheter

Fram til i år har Nord Universitet si avdeling i Bodø og Høyskolen Kristiania Trondheim tilbydd 3-årig bachelor i journalistikk.

Tilbodet i Bodø vart lagt ned etter sist studieår – etter over 30 års drift. Årsaka var både låge søkartal og at mange slutta før dei var ferdige.


Journalistutdanningen i Bodø legges ned

Bachelorstudiet i journalistikk ved Nord Universitet i Bodø legges ned etter vel 30 års drift. Det første journalistkullet startet utdannelsen sin i 1987.


Høyskolen Kristiania legg ned heile avdelinga i Trondheim.

Dermed står Volda faktisk igjen som det nordlegaste tilbodet i landet for dei som vil utdanne seg til journalistar, med unntak av utdanninga i Kautokeino.

Journalisten.no påpeiker dette i ein reportasje om studentavisa Under Dusken i Trondheim.

Bergen, Oslo og Kristiansand har både offentlege og private studietilbod innanfor journalistikk.




Høgskulen trekker seg frå eliteprosjekt

Høgskulen går glipp av moglegheiten til millionutbetalingar, ifølgje Dagens Næringsliv.