Optimismen er tilbake i Aurstad AS:

Har fulle ordrebøker og tilset fleire

– No ser vi veldig positivt på situasjonen. Vi har stor aktivitet og fleire prosjekt både i oppstartsfasen og som nærmar seg ferdigstilling.

Optimist: Adm.dir. Jo Stian Tverberg i Aurstad AS ser lyst på framtida. Konsernet har kome seg på beina att etter konkursen i K A Aurstad før jul i fjor, og har no hendene fulle med nye oppdrag. Samstundes veks talet på tilsette. 

Nyheter

(Møre-Nytt): Dette seier Jo Stian Tverberg, adm.dir. i Aurstad AS og dotterselskapet Aurstad Tunnel AS. Sidan årsskiftet har han og resten av leiinga arbeidd hardt for å byggje opp Aurstad Tunnel AS og sikre vidare drift etter at K A Aurstad gjekk konkurs.