Leiteaksjon i Skodje

Politi og leitemanskap leita laurdag morgon etter ein mann som var sakna i Skodje.
Nyheter

Like før klokka sju laurdag morgon melde politiet i Møre og Romsdal at ein eldre, dement mann var sakna i området Svorta i Skodje.

– Aksjonen er avslutta. Mannen er komen til rette, opplyser operasjonsleiar Erik Mikalsen til Sunnmørsposten like før klokka halv ti laurdag føremiddag.