Mykje ungdomsfyll på festival

Jugendfest gjekk fint føre seg, men politiet melder om mykje ungdomsfyll. Fleire måtte også ha tilsyn av helsepersonell.
Nyheter

Dette kjem fram i politiloggen for Møre og Romsdal.

Første dag av Jugendfest har etter det politiet meiner gått føre seg på ein god måte, utan store hendingar. Dei melder om svært godt samarbeid mellom arrangør og naudetatar, og god stemning blant publikum.

– Dessverre var det også mykje ungdomsfyll, heiter det i politiloggen.

Her går det også fram at fleire måtte ha tilsyn av helsepersonell. Politiet fortel elles om god dialog med foreldre i samband med dette.


Åtvarar mot ungdomsfyll under Jugendfest

Foreldra må snakke med borna sine før dei sender dei på Jugendfestivalen, ber politiet og Ålesund-ordføraren.


Politiet melder også at totalt fem personar måtte overnatte i arresten i Ålesund natt til laurdag. Alle blir politimelde.

Klokka 02.55 blir det meldt om ein slåsskamp på ei privat adresse på Gåseid i Ålesund. To menn var involvert. Politiet rykka og ut hadde kontroll. Den eine mannen blei vist vekk frå staden. Ingen av dei involverte blei skadde og forholdet blir heller ikkje meldt til politiet.