Åse Kristin er ein av få kandidatar frå Sandøy

Norges yngste varaordførar er Arbeidarpartiet sin tredjekandidat for nye Ålesund, og ein av få toppkandidatar frå Sandøy.

Kandidat: 23 år gamle Åse Kristin Ask Bakke er varaordførar i Sandøy kommune. No er ho Ålesund Ap sin tredjekandidat i den nye kommunen.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

– Det var ganske spesielt. Eg var nitten år og nett ferdig på vidaregåande. Det var uventa, men eg kunne ikkje seie nei berre fordi eg var ung, seier Åse Kristin Ask Bakke om valet for fire år sidan, der ho vart varaordførar i Sandøy kommune.