Frank Sve siktar mot fylkesordførarvervet etter god meiningsmåling:

– Ingen har meir erfaring enn meg

Framstegspartiet slit på nasjonale målingar, men går klart fram i Møre og Romsdal og er berre så vidt mindre enn Høgre. Det kan opne for Frank Sve som fylkesordførar.

HÅPER Å BLI FYLKESORDFØRAR: Frank Sve har lang fartstid frå fylkestinget og som Stranda-ordførar, i tillegg til ei rekkje nasjonale verv. Fylkesordførar har han så langt aldri vore.   Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

– Eg er vel kanskje den som har sete lengst på fylkestinget av alle. Så ja, eg kunne godt tenkt meg å bli fylkesordførar. Men det viktigaste for meg er at vi får eit styringsdyktig fleirtal som får Møre og Romsdal opp og fram, seier Frank Sve.