Opning av studieåret ved Høgskulen i Volda

Statsråd gir klarsignal til mediebygget

Utdanningsminister Iselin Nybø (V) gir klarsignal til å starte arbeidet med bygging av nytt mediebygg ved Høgskulen i Volda.

Iselin Nybø med illustrasjon av det nye mediebygget i Volda.  Foto: Terje Engås

Nyheter

Bygget som skal koste 201 millionar kroner, skal stå ferdig om knapt to år.

Dette kom fram då forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) kom til Høgskulen i Volda i samband med opning av studieåret tysdag.

I ei pressemelding går det fram at byggeprosjektet har ei styringsramme på 201 millionar kroner, med eit areal på om lag 3900 kvadratmeter.

Målet er at nybygget skal vere klart til innflytting i 2021.

— Eg er svært glad for at mediebygget no kjem på plass ved Høgskulen i Volda. Endringane i mediebransjen har dei siste åra gått raskt. Då er det viktig at den leiande medieutdanningsinstitusjonen i landet får eit bygg som gjer det lettare for studentar og forskarar å boltre seg i desse kommunikasjonsutfordringane og moglegheitene, seier Nybø i pressemeldinga.

Det nye mediebygget er dimensjonert for 470 studentar og 50 tilsette. Statsbygg er byggherre, og HVO står for finansieringa av byggeprosjektet i form av husleige.

Smp.no oppdaterer saka