Gir ikkje opp å finne den sakna Maja Herner (25)

Skal gjere ekstra søk etter Maja på nokre punkt i fjellet

Politiet har saumfara Saudehornet for å finne polske Maja Herner, men har ikkje gjort interessante funn så langt. No vil dei søke på nytt i enkelte område.

FRAMLEIS SAKNA: Maja Herner vart meldt sakna i Ørsta 21. november i fjor. Over tre veker etter at politiet tok opp igjen søka etter Herner har det enno ikkje blitt gjort interessante funn.   Foto: Politiet

Nyheter

– Vi har ikkje planlagt konkrete leiteaksjonar akkurat no. Men vi jobbar med å planlegge neste steg, og det kan bli nye søk seinare i veka.