Innfører rabattkort for personreiser på ferjer

Som eit steg i å forbetre ordninga med Autopass, vil Samferdselsdepartementet no innføre eige rabattkort for reisande utan køyretøy.

Autopass: Snart kan òg reisande utan køyretøy bruke Autopass-ordninga for å betale.   Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

– Når AutoPASS for ferje vart innført frå årsskiftet, var det ikkje intensjonen at folk skulle oppleve eit dårlegare tilbod. På den bakgrunn har eg teke fleire initiativ for å auke fleksibiliteten. Vi kjem til å levere dette fortløpande gjennom denne hausten, seier samferdselsminister Jon Georg Dale i ei pressemelding frå regjeringa.