Runde:

Mayday-signal frå mindre fartøy

Nyheter

Ein fritidsbåt med motorproblem var i ferd med å drive på land ved Runde. Redningsleiar ved Hovedredningssentralen, Børge Galta, seier til NRK Møre og Romsdal at fritidsbåten no er berga.

Det var fire ombord. Båten skal ha vore svært nær å gå på land.

HRS Sør-Norge melde på Twitter at det var blitt sendt ut eit mayday-signal frå eit mindre fartøy ved Runde. Situasjonen var uavklart, og redningshelikopter frå Florø og redningsskøyta Klaveness Marine vart sendt ut. HRS koordinerte aksjonen.

Det er ifølge yr.no ikkje sterkare vind enn laber bris ved Runde torsdag ettermiddag.