Har øydelagt over 20 rundballar

– Har brukt makt og kniv

– Hadde dette skjedd i fjor då det var mangel på for hadde det vore ei skikkeleg krise.

Oppgitt: Arnt-Magne Engeseth må konstatere at over tjue rundballar har blitt øydelagt i hærverket.   Foto: JOACHIM ÅSEBØ

Nyheter

(Møre-Nytt): Det seier Arnt-Magne Engeseth medan han ser på skadeverket på rundt tjue rundballar på Mosflata i Ørsta. Torsdag reiste han frå garden og ned til oppbevaringsplassen på Mosflata for å hente rundballar. Då han kom heim att oppdaga han at det var hol i den eine. Då han studerte to til oppdaga liknande hol.