Herøy: Rusa båtførar måtte ha assistanse

Nyheter

Ein rusa båtførar måtte ha assistanse frå redningsskøyta og ambulansebåt i Herøy natt til fredag. Det melde Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter klokka 02.38. Båtføraren var usikker på kor han var, og gjekk i land på det som viste seg å vere Torvholmen. Der blei han teken hand om av politiet, og framstilt for blodprøvetaking. Han blir også meldt for forholdet.