Opnar for kirurgi på helg ved Volda sjukehus

Får du akutt blindtarmsbetennelse på ein laurdag, kan du snart bli operert på Volda sjukehus.

Volda sjukehus får tilbake helgekirurgien. ARKIVFOTO: TERJE ENGÅS 

Nyheter

(Møre-Nytt): Det er klart etter at Helse Møre og Romsdal vil starte opp att helgekirurgien på Volda sjukehus, etter at søre-sunnmøringane i åtte år har måtta reist til Ålesund om dei har hatt akutt behov for operasjon i løpet av helga.

– Heilt klart ei gladsak for folket på Søre Sunnmøre, seier sjukehuskoordinator Knut Nautvik på Volda sjukehus, og legg til:

– For folk flest har det jo vore ubegripeleg at dei har måtta blitt frakta til Ålesund i helga, trass i at vi har hatt folk på vakt – men ikkje høve til å ta imot nye kirurgi-pasientar i helgane, seier Nautvik.

Ordninga vert ikkje innført umiddelbart. Startdato vil vere i løpet av hausten 2019, og helseføretaket skal evaluere konsekvensane av driftsendringa i løpet av planperioden og før 2022.

På nettsidene sine skriv helse Møre og Romsdal: Parallelt med arbeidet med traumesystemet, har ei anna arbeidsgruppe vurdert den akuttkirurgiske vaktordninga for pasientar tilhøyrande Volda sjukehus. Kirurgane i Volda har i dag ei vaktordning for inneliggande pasientar i helgene. Klinikk for kirurgi har anbefalt at denne vaktordninga også kan behandle akuttkirurgiske pasientar på helg, slik at ein betre utnyttar ressursane.

I lys av at kapasiteten ved operasjon og sengepost i Ålesund er belasta, er målet at driftsendringa vil føre til betre ressursbruk og betre pasientbehandling ved begge sjukehusa.

Denne driftsendringa ein del av klinikken sine tiltak for å betre helseføretaket sin økonomi, noko administrerande direktør stiller seg bak.

– Føresetnaden for at vi går inn for dette no er at det gjerast innanfor budsjett, seier Nils Kvernmo, konstituert administrerande direktør.

– For kirurgisk klinikk vert det kanskje ei lita utfordring å gjere dette innanfor budsjett. Men hovudmeldinga frå meg er altså at dette er ei gladsak for folket på Søre Sunnmøre, seier Nautvik.

Denne saka stod først på trykk hos Møre-Nytt