I samband med bubiltreffet på Haramsøya denne helga har Norled tidlegare varsla at dei ville setje opp fleire ekstraturar med B-ferja søndag.
Litt før klokka 14 melder dei at dette likevel ikke blir noko av: Bakgrunnen blir oppgitt til tekniske problem.
Resultatet er lang kø - også fordi UL Fram har ei teaterframsyning i Brattvåg som mange vil ha med seg.
- No for det akkurat ei full ferje her frå Austnes. Likevel står det att meir bilar enn til ei ferje til, fortel ein tipsar til Sunnmørsposten klokka 14.20.
OPPDATERING: Kvart over fire melder Norled at det blir ekstraturar utført av B-ferja med avgang Haramsøya kl. 16.50 og så lenge det er behov i ettermiddag.