Volda: Sakna mann funnen i god behald

Nyheter

Politiet melde litt før klokka 01.30, natt til søndag at ein mann som hadde vore sakna, var funnen i god behald.

Mannen, som er i 70-åra, kom ikkje heim frå ein treningstur, og kona kontakta difor politiet. Mannen vart funnen rundt to timar etter meldinga kom.