Polsk kvinne har vore sakna sidan 21. november i fjor:

Skal leite etter Maja Herner aust for Saudehornet i dag

Leitearbeidet etter den sakna polske kvinna blir intensivert. To område er peika ut.

Framleis sakna: Maja Herner vart meldt sakna i Ørsta 21. november i fjor. Fire veker etter at politiet tok opp igjen søka etter Herner har det enno ikkje blitt gjort interessante funn.  Foto: Politiet

Kreditering: Kartverket

Nyheter

Det eine området ligg i «gryta» mellom Saudehornet og Kyrkjetinden. Og det er dette området som blir prioritert måndag.

Det opplyser Kenneth Sætre, stabssjef i Møre og Romsdal politidistrikt, til Sunnmørsposten.

Det neste området politiet har sett seg ut ligg vest for Saudehornet, rett nedom Vardehornet. (Sjå kart).

Planen er at også dette området blir gått gjennom denne veka. Og det betyr at politiet stiller med dronar, i tillegg til hjelp frå Røde kors.

– Det er snakk om område som er søkt i tidlegare også. Men parti har vore dekt med snø, og enkelte stader er det rasfare også. Så i slike område treng vi hjelp frå Røde kors, seier Kenneth Sætre.

Utfordringar I starten av desember 2018, då dette biletet vart tatt, starta det å snø på Saudehornet, noko som hindra det vidare leitearbeidet etter Maja Herner. Først i slutten av juli var det gode nok forhold til at politiet kunne gjere nye søk.   Foto: Svein Aam/ Møre-Nytt

Sakna sidan november

Det var 21. november i fjor den då 25 år gamle polske kvinna Maja Herner vart meldt sakna i Ørsta. Ho skal ha gått ein tur i retning det 1.303 meter høge Saudehornet.

Sakna: Politiet tek opp igjen leitinga etter Maja Herner denne veka.   Foto: Privat

Politiet veit ikkje nøyaktig kor høgt ho har vore, men mobildata viser at ho skal ha vore eit stykke oppe i høgda.

25. november avslutta politiet ein enorm leiteaksjon og sa dei rekna med Herner var død.

Det vart sidan gjort nokre sporadiske søk før og rundt nyttår, men mykje snø sette leitearbeidet på vent heilt fram til 30. juli i år.


Maja Justina Herner sakna i Ørsta:

Gjorde nytt søk etter sakna polsk kvinne etter tips

Observasjonar frå publikum gjorde at ei politipatrulje vart sendt til fjells i Ørsta i nyårshelga.


Utan resultat

Men leiteaksjonane som kom i gang i slutten av juli har så langt ikkje gitt resultat.

Sist onsdag sa Frode Halse Digernes i politiet i Ørsta og Volda at dei planlegg nye søk på enkelte område i fjellet der dei også har leita tidlegare.

Desse søka startar altså i dag. Først med drone, og så blir sannsynlegvis Røde Kors kopla på etter kvart.


Gir ikkje opp å finne den sakna Maja Herner (25)

Skal gjere ekstra søk etter Maja på nokre punkt i fjellet

Politiet har saumfara Saudehornet for å finne polske Maja Herner, men har ikkje gjort interessante funn så langt. No vil dei søke på nytt i enkelte område.


ØRSTA: Maja Herner skal ha gått i retning det 1303 meter høge Saudehornet. Denne veka blir det også leita i retning Kyrkjetinden og nedom Vardehornet.   Foto: Kart: Gule Sider