Syklist til lege etter ulukke på ferjekai

Ein syklist og ein bil støytte saman på ferjekaia på Hareid måndag morgon.
Nyheter

Like etter klokka 09 måndag morgon melde politiet i Møre og Romsdal at ein syklist og ein bil hadde støytt saman i rundkøyringa ved ferjekaia på Hareid.

Syklisten hadde smerter i ein fot.

Politiet var på staden og etterforskar saka.

– Syklisten er køyrd til legekontor for sjekk, opplyste operasjonsleiar Finn Harald Saltskår til Sunnmørsposten.

Skadeomfanget er litt uklart, men det ser ut for at syklisten ikkje har fått store skadar.