Frå politiloggen:

Var til sjenanse på hotell

Nyheter

Ein overstadig rusa mann i 30-åra var til sjenanse ved eit hotell i Ålesund sentrum klokka 00.21 natt til tysdag, skriv politiet i Møre og Romsdal på Twitter tysdag morgon.

Mannen blei sett i drukkenskapsarrest.

I Ørsta er ein bil avskilta etter ein kontroll. Bilen var seld og hadde fått ny eigar, men ikkje blitt omregistrert. Difor blei bilen avskilta, fortel politiet på Twitter.

I Volda blei ein bil stansa for kontroll ved midnatt. Ein mann i 30-åra blir meld til politiet for køyring utan gyldig førarkort.