Bekymra krabbefiskarar på Ellingsøya, Valderøya og Fjørtofta:

Påstår at sjøen blir snaua for krabbe

Sjøen er nesten tom for krabbe, fortel krabbefiskarar på Ellingsøya, Valderøya og Fjørtofta. Er sjøen for varm? Eller er det yrkesfiskarar med hundrevis av teiner som har skulda?

Fritidsfiske: Arnfinn Martin Fjørtoft (t.v) og Terje Fjørtoft er pensjonistar og likar å drive med litt krabbefiske. No er dei bekymra for bestanden.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

Vi er med i båten til pensjonistane Arnfinn Martin Fjørtoft og kompisen Terje Fjørtoft. Dei vil vise fram kor gale det er blitt. Krabbefisket rundt Fjørtofta er totalt dominert av yrkesfiskarar.