Fem regionale lister stiller til fylkesvalet, to av dei er frå Sunnmøre:

– Vi hadde vore sterkare om vi samla oss

To sunnmørslister kjempar om å kome inn på fylkestinget. Men kva er eigentleg forskjellen på dei?

STÅR FRITT: Både Hans Kjetil Knutsen (til venstre) og Bjarne Kvalsvik meiner dei kan påverke Sunnmøre meir ved å stå på ei uavhengig liste enn på ei ordinær partiliste. Ein står friare og blir ikkje bundne av sentrale partivedtak i Oslo.   Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

– Eg skal innrømme at vi hadde vore sterkare om vi samla oss. Brotet var ikkje heldig. Skal vi samle oss igjen må Bjarne ta initiativ til det, men det er for seint å gjere noko med det til dette valet, seier Hans Kjetil Knutsen, listetopp for Sunnmørslista.