Dalsfjording ber Sve ordne opp

Dette møter ein samferdsleminister som skal heim. No ber han Sve ordne opp.

Dette møter folk fra Dalsfjorden på veg heim. Ein av dei heiter Jon Georg Dale.  Foto: Jon Georg Dale

Frank Sve og Jon Georg Dale til venstre på biletet tatt på countryfestivalen på Trandal.  Foto: SVEIN NORDAL/Møre-Nyttt

Nyheter


På veg inn mot Dalsfjorden har vegvesenet vist fram kreative sider når ein kjem til vegvedlikehald. Som svar på at grunnen sviktar under vegkanten har dei flytta autovernet ein meter inn på vegbana. Det har samferdselsminister Jon Georg Dale merka seg.

– På biletet ser du vedlikehaldet på FV40 rundt Dalsfjorden. No har vi klart å redusere vedlikehaldsetterslepet på riksvegane dei seks åra FrP har vore i regjering, etter at det hadde auka i fleire tiår før den tid. I tillegg har vi styrka økonomien til fylkeskommunane for å kunne satse på fylkesvegane, påpeiker Dale.

Frank Sve og Jon Georg Dale til venstre på biletet tatt på countryfestivalen på Trandal.  Foto: SVEIN NORDAL/Møre-Nyttt

Cowboy-veg

Han har sjølv vore i fleire diskusjonar med vegvesenet og deira strenge regelverk, også kalla vegnormalar, som beskriv korleis ein veg eller eit kryss skal utformast.

– Dette biletet viser at det openbert finst fleire måtar å gjere det på. Autovernet midt inn i vegbana er likevel noko av det meir kreative eg har sett, påpeiker Dale som har posta innlegget på Sve si Facebook-side.

– No når du satsar på å verte fylkesordførar så tenkte eg at eg måtte stille deg eit spørsmål. Trur du at du om du no vinn valet kan bidra til å flytte autovernet ut om kvitstripa igjen, beste helsing ein forsiktig Dalsfjording, skriv Dale og legg til.

– Om dei likevel kjem må dei gjerne ha med seg litt asfalt også.