Tilsette ved Volda sjukehus

Forstår lite av traume-kutt

Fagdirektøren i Helse Møre og Romsdal foreslår at Volda sjukehus skal vere utan traume-funksjon for framtida. Det forstår dei tilsette lite av.

Orientering: Erlend Bae, seksjonsleiar for ambulansetenesta ved Volda sjukehus, orienterte under Senterpartiet sitt besøk. Frå venstre Stein Aam, Marit Arnstad og Per Ivar Lied.  Foto: Rune Sæbønes, Møre-Nytt

Nyheter

(Møre-Nytt) – Viss vi skal verte utan traumefunksjon, vert det ikkje ein kirurg mindre. Og får vi traumefunksjon, vert det utan fleire kirurgar. Vi må ha det same talet for å ha akuttfunksjonen vår, fortel Erlend Bae, seksjonsleiar for ambulansetenesta ved Volda sjukehus.