Politiloggen:

Mistenkt for promillekøyring

Ein mann i 30-åra blei stoppa av politiet i Langevåg natt til torsdag.
Nyheter

Klokka 03.58 melder politiet i Møre og Romsdal at dei har stoppa ein bil i Langevåg, i Sula kommune. Ein mann i slutten av 30-åra er mistenkt for å vere påverka av alkohol.

Politiet opprettar straffesak og har teke førarkortet frå mannen.