Ordførarduell i Sunnmørsposten-podkast:

Overraska over innbyggjarane i språkstriden

Kva målform skal nye Ålesund kommune ha? Det var eit heitt tema då Eva Vinje Aurdal (Ap) og Dag Olav Tennfjord (H) møtte kvarandre til ordførarduell i Sunnmørsposten sin ferskaste podkast.

ORDFØRARDUELL: Dag Olav Tennfjord (H) og Eva Vinje Aurdal (Ap) var denne veka i Sunnmørsposten sitt podkaststudio. I midten journalist Einar Orten Trovåg.   Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

– Eg er overraska over innbyggjarane som protesterer så sterkt mot dette, sa Vinje Aurdal.

Den noverande Ålesund-ordføraren meiner det er viktig å gjere grep for at nynorsk ikkje druknar i nye Ålesund kommune. Og då meiner ho vegen å gå er at nynorsk blir det offisielle skriftspråket.

Og det er nettopp nynorsk representantane frå Ålesund, Skodje, Haram, Ørskog og Haram har vedteke skal bli språket til den nye kommunen, som ser dagens lys til nyttår.

Vinje Aurdal meiner det heile kokar ned til kva språk kommunen skal nytte på nettsidene sine. Ingen skal jo skifte skriftspråk, seier Ålesund-ordførarduellen.

Høyr podkasten her:


– Eit godt kompromiss

Dag Olav Tennfjord, noverande Høgre-ordførar i Skodje, er sannsynlegvis Vinje Aurdal sin hardaste konkurrent i kampen om å ta makta i den nye kommunen.

Tennfjord var opphavleg med på at nynorsk skulle bli målforma i den nye kommunen, men han og Høgre meiner no at språknøytralitet er den beste løysinga.

– Etter at eg vart Høgre sin ordførarkandidat forstod eg at vedtaket om nynorsk ikkje var godt forankra. Vi meiner språknøytralitet er eit godt kompromiss, seier Tennfjord.

Han avviser at det også kan bli omkamp om ei rekkje andre saker som vart klarlagde i intensjonsavtalen.



Økonomi og skjenketider

Språk var langt frå den einaste saka som vart diskutert i Sunnmørsposten sin podkast.

Eva Vinje Aurdal og Dag Olav Tennfjord vart utfordra på mellom anna eigedomsskatt, by kontra land og bypakken.

Ordførarkandidatane var einige i ein del saker, men også ueinige om mykje.

Tennfjord kritiserte mellom anna økonomistyringa i noverande Ålesund, og fortalde kva han vil gjere dersom han blir ordførar i den nye kommunen.



Det vart også tid til å ta inn fleire spørsmål frå lesarane, om mellom anna vindmøller, moglegheitene for ein ishall og skjenketider.

Spesielt det sistnemnde temaet viste forskjellige syn frå ordførarkandidatane.

Ordførarkandidatane vart også utfordra på idrettshallen i Osane i Ålesund, legevakta i Ørskog og fengsel på Digerneset i Skodje.