Til Alaska for å diskutere cruise

Kraftig auke i cruisetrafikken skapar uro verda over. No skal Vestlandet og Alaska samarbeide for betre løsyingar.

CRUISETURISME: Fire turistskip på fjorden i Geiranger. På biletet ser vi «Brilliance of the Seas» nærast, og så bakanfor frå venstre «Queen of Adventure», «Hamburg» ytterst i fjorden og «Seaburn Sojourn» nær land i høgre biletkant. (Arkivfoto):   Foto: Petter Sandvik

Nyheter

– Saman med Katrin Blomvik frå Verdsarvstiftinga og to frå Sogn, dreg eg til Alaska 3. september, og blir der ei veke. Hovudformålet med besøket er å innleie eit formelt samarbeid med nasjonalparkmyndigheitene på delstatsnivå om berekraftig cruiseturisme, fortel Arne Sandnes, leiar i Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap.