Fryktar for framtida og ferja som ytste utkant i den nye kommunen:

– Vi blir aldri sunnmøringar

Ona og Sandøy blir ein del av nye Ålesund kommune, trass i at innbyggjarane sa nei. Fleire seier at dei ikkje klarer å engasjere seg i det komande kommunevalet.

VIL HELLER TIL AUKRA: Hilde Sørmoen meiner det hadde vore heilt naturleg om Ona og Sandøya vart ein del av Aukra kommune. Frå nyttår av går dei mot innbyggjarane sin vilje inn i nye Ålesund kommune.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

– Vi vil jo mot Romsdal, vi. Vi føler oss som romsdalingar. Ålesund har nok med seg sjølve.