Eva Vinje Aurdal meiner mykje i språkdebatten er misforstått:

– Det blir både nynorsk og bokmål i den nye kommunen

Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat vil vurdere eit ekstra vedtak for å sikre at begge målformene blir nytta i nye Ålesund kommune.

KJEMPAR FOR NYNORSKVEDTAK: Eva Vinje Aurdal (Ap) meiner nye Ålesund kommune skal velje nynorsk som offisielt språk, slik det står skrive i intensjonsavtalen mellom dei fem kommunane. Men Vinje Aurdal er klar på at ho vil sikre at det både blir nytta nynorsk og bokmål i den nye kommunen.  Foto: Marius Simensen

Nyheter

Eva Vinje Aurdal (Ap) seier at blir både nynorsk og bokmål på nettsidene til den nye kommunen, og dessutan i andre offentlege dokument.