Direkte klokka 18.15:

Valsending måndag: Korleis bygge nye Ålesund?

Kven skal ha makta i den nye kommunen? Og kva med språk og bompengar? I dag møtest politikarane til debatt i Gomerhuset på Skodje.
Nyheter

Debatten går mellom klokka 17.45 og 18.15 og er ei fellessending med NRK.

Bibbi Kjølås frå NRK er debattleiar.

Politisk redaktør i Sunnmørsposten, Jan Erik Røsvik, er også med i sendinga.

Det overordna temaet er korleis nye Ålesund kommune skal sjå ut.

Ein ny kommune

I den første debatten deltek Eva Vinje Aurdal (Ap, Ålesund), Vebjørn Krogsæter (Sp, Haram), Hans Endre Sæterøy (Venstre, Sandøy), Thorbjørn Fylling (Frp, Ørskog) og Dag Olav Tennfjord (Høgre, Skodje).

Temaet er korleis ein skal bygge nye Ålesund.

Nynorsk eller språknøytralitet?

Den andre debatten går mellom Eva Vinje Aurdal og Hans Kjetil Knutsen (Ålesundlista og Sunnmørslista) og handlar om språk.

Vinje Aurdal ønskjer at nynorsk skal vere administrasjonsspråket i nye Ålesund kommune, medan Knutsen ønskjer språknøytralitet.


Ordførarduell i Sunnmørsposten-podkast:

Overraska over innbyggjarane i språkstriden

Kva målform skal nye Ålesund kommune ha? Det var eit heitt tema då Eva Vinje Aurdal (Ap) og Dag Olav Tennfjord (H) møtte kvarandre til ordførarduell i Sunnmørsposten sin ferskaste podkast.


Vidare skal det debatterast om bypakke og bompengar.

Håkon Lykkebø Strand (Frp), Øystein Tvedt (Høgre), Jarle Hauge Steffensen (MDG) og Tore Johan Øvstebø (KrF) stiller i denne debatten.

ORDFØRARDKANDIDATAR: Både (frå venstre) Thorbjørn Fylling (Frp), Tore Johan Øvstebø (KrF), Eva Vinje Aurdal (Ap), Vebjørn Krogsæter (Sp) og Dag Olav Tennfjord (H) blir med i debatten i Skodje.   Foto: Sofie Svanes Flem

Kven blir ordførar?

Til slutt blir det ordførarduell i Gomerhuset.

Den går mellom Eva Vinje Aurdal (Ap), Vebjørn Krogsæter (Sp) og Dag Olav Tennfjord (Høgre).

Sist veke møtte Vinje Aurdal og Tennfjord kvarandre i Sunnmørsposten sin podkast. Den kan du høyre her:



Ap best i måling

Søndag kveld presenterte Sunnmørsposten ei heilt fersk meiningsmåling for nye Ålesund kommune.

Den viser at Arbeidarpartiet er klart største parti og ville ha fått inn 20 mandat om målinga vart valresultatet.

Vidare følgjer Høgre (13), Frp (11) og Senterpartiet (9).