Sjå valsendinga frå Herøy

NRK og Sunnmørsposten sendte direkte frå valdebatten på Myrvåg barne- og ungdomsskule torsdag kveld.

Kreditering: NRK Møre og Romsdal

Nyheter

Sendinga gjekk frå klokka 18.00-18.45 på nrk.no og Smp.no. Politisk kommentator frå Sunnmørsposten, Jan Erik Røsvik, er med som kommentator.

Blant anna var det debatt om næringslivssatsing og rekruttering. Korleis få fleire til å busette seg i kommunane, og korleis halde på dei maritime næringane? Med Ann-Kathrin (Tine) Storøy (H), Camilla Storøy (KrF), Bjørn Prytz (Ap) frå Herøy. Frå Ulstein stiller Knut Erik Engh (Frp) og Pål Grødahl (V).

Seinare møtast Bjarne Kvalsvik (Folkelista), Lena Landsverk Sande (V) frå Vanylven, Renate Rossi Kaldhol (Ap) frå Ulstein og Einar Ekroll (Frp) frå Sande til debatt om samferdsel.

I tillegg blir det debatt om kven som skal styre fylkeskommunen dei neste fire åra, med Frank Sve (Frp), Jan Ove Tryggestad (Sp), Tove Lise Torve (Ap) og Anders Riise (H).