Ny bok:

Båtbyggartradisjon i Bjørkedalen

Artiklar om den heilt spesielle båtbyggjarkulturen i Bjørkedalen er no samla mellom to permar.

Båtbygging i Bjørkedalen. Bilde i forbindelse med ny bok, Frode Sætre.   Foto: Pressefoto.

Redaktør: Frode Sætre, førstelektor i idrett og friluftsliv ved Høgskulen i Volda. Redaktør og forfattar i artikkelsamlinga Båtbygging på Bjørkedalen.   Foto: Pressefoto

Nyheter

Frode Sætre har vore redaktør for den nye boka. Gjennom ei samling av 15 artiklar, med fleire forfattarar og ulike vinklingar, får vi kjennskap til et eit båtbyggjarmiljø og ein båtbyggjarkultur av svært stort omfang, går det fram av ei pressemelding.

Hovudmålsetjinga med artikkelsamlinga har vore å få samla mykje av det skriftlege materialet om båtbygging på Bjørkedalen mellom to permar.

Dette er interessant for trebåtentusiastar, for dei som er interesserte i kystkultur, kystfriluftsliv, historie, språk, og folk med tilknyting til Bjørkedalen, heiter det.

Vidare vil det vere ein kunnskapsbase for studentar ved Høgskulen i Volda, som vert interesserte i bjørkedalsbåtane gjennom Seksjon for idrett og friluftsliv sine kurs på Yksnøya.

Båtbygging i Bjørkedalen. Bilde i forbindelse med ny bok, Frode Sætre.   Foto: Pressefoto/Ola Einang


Skriftlege kjelder om båtbyggjartradisjonen i Bjørkedalen har tidlegare vore spreidd og lite samla, og nokre kjelder har ikkje vore digitalisert.

Når det gjeld vikingskipsepoken, som starta på 70-talet, og varer enno, er det tatt med berre ein artikkel. Her finst det så mykje skriftleg materiale og foto, at dette må verte ei eiga bok, meiner Frode Sætre.

Han er førstelektor i idrett og friluftsliv ved Høgskulen i Volda, Seksjon for idrett og friluftsliv. Han er sjølv blant forfattarane i artikkelsamlinga.

Sætre underviser i kystfriluftsliv og er ein ivrig seglar og båtmann.

Han har tidlegare gitt ut fleire bøker om båt, sjøliv og turopplevingar på Sunnmøre.

Overskotet frå salet av artikkelsamlinga vil gå til Bjørkedal kystlag sitt arbeid for å bevare og levandegjere kystkulturen.