Kjempar mot forsikringsselskap:

Blei ufør etter ulukke på folkehøgskule

Jan Arne Kløvjan Ringstad (23) kjempa seg tilbake til livet etter eit stygt fall på hoppski. No står kampen i rettssystemet.

RETTFERD: Jan Arne Kløvjan Ringstad er oppteken av rettferd og håpar at dommen frå lagmannsretten ikkje blir ståande.   Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

Det som skulle vere eit kjekt år på folkehøgskule, endra livet totalt for Jan Arne Kløvjan Ringstad frå Myrvåg i Herøy. Han er blitt 100 prosent ufør etter at han fall stygt i ein hoppbakke i skuletida.