– Eg låg på sofaen og løyste kryssord, plutseleg small det!

Magnus Remøy løyste kryssord då han høyrde smellet. No er han og kona evakuerte, og brannen sløkt.

Magnus og Berit Remøy.  Foto: Nærnett

Nyheter

(Nærnett): – Eg låg på sofaen og løyste kryssord, då det plutseleg small, seier Magnus Remøy til Nærnett. Vi snakkar med Remøy utanfor huset til han og kona på Myklebust i Fosnavåg.

– Det var nok feitt frå klippfisken vi skulle ha til middag som resulterte i brannen.

Kona Berit Remøy stod på kjøkkenet og førebudde middagen, som paret skulle nyte denne solfylte måndagen. Feitt frå gryta skal ha spruta opp i kjøkkenvifta, som då skal ha begynt å brenne.

– Vi prøvde å få sløkt brannen sjølve, men såg raskt at det vart vanskeleg, forklarar Magnus Remøy til Nærnett.

– Naboar kom kjapt til staden og hjelpte til med å få oss ut frå huset, legg Berit Remøy til. Då Nærnett kom til brannstaden, var brannen sløkt og begge personar berga. Familie og naboar var til stades.

– No er alt under kontroll. Det gjekk fint med personane som bur her, og no held me berre på med å få ut det siste av verdisaker, seier Tore Langvatn, brann- og redningssjef i Herøy kommune.

  Foto: Nærnett

Hendingsløpet

Det var rett før klokka 13 at politiet melde om brannen på Twitter. Alle etatar kom raskt til staden, og sløkking vart raskt sett i gang.

Operasjonsleiar Leif Arne Mork sa til Nærnett at det ikkje ville bli evakuert fleire hus. Dette då dei ikkje såg fare for spreiing til andre bustader.

Det var derimot fare for overtenning, men brannvesenet fekk altså sløkt brannen før den tid. Klokka 13.20 melde politiet på Twitter at brannen var sløkt.

Denne saka blei først publisert hos Nærnett.