Ulstein:

Frp-ordføraren vil ha med Venstre og KrF

Knut Erik Engh og Frp er valvinnar i Ulstein. Men Frp og Høgre har ikkje fleirtal aleine.

Ordførar Knut Erik Engh i Ulstein.  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

– Vi er avhengig av støtte frå eit parti til, seier Knut Erik Engh, den sittande Ulstein-ordføraren.

– Eg meiner det er naturleg at dei borgarlege partia samarbeider.

Engh ser føre seg eit alternativt likt med regjeringa, altså beståande av Frp, Høgre, KrF og Venstre.

– Kvifor trur du at Frp har gjort et sterkt val i Ulstein?

– Folk er nok fornøgde med jobben vi har gjort, og dei stoler på at vi styrer kommunen på ein god måte.

Engh peikar på god økonomistyring og meiner at dei samstundes har vore gode på vekst og utvikling.

– Er det no avklart at du får ny tillit som ordførar?

– Det er ikkje avklart, men noko anna vill ha vore underleg med dette resultatet.

Også i Hareid kan Frp få ordførarposten:


– Eg bør bli ordførar

Frp med brakval i Hareid. Oskar Grimstad kan bli ordførar.