Harry Valderhaug og KrF aukar

KrF og ordførar Harry Valderhaug får meir enn kvar fjerde stemme i Giske.

GISKE: Ordførar Harry Valderhaug får nesten kvar tredje stemme i Giske kommune.  Foto: Gry Støre

Nyheter

For fire år sidan fekk dei 24 prosent. No får Giske KrF 25,5 prosent av stemmene og seks representantar i kommunestyret.

Høgre er det nest største partiet i Giske med fire representantar.

Giske KrF kan samarbeide mot den tradisjonelle høgresida og ha fleirtal saman med Høgre og Frp.

Tverrpolitisk liste for Giske har fått omtrent like mange stemmer som sist og tre mandat, og kan sikkert også vere ein aktuell samarbeidspartnar.

Senterpartiet har størst framgang i Giske, også dei får tre mandat.

– Dette ser overraskande bra ut for vårt parti lokalt, men vi må få inn dei endelege tala for dei fire øyane her, sa Harry Valderhaug til Sunnmørsposten før alle stemmene var talt opp.

– Held du fram som ordførar?

– Det er eit håp, svarer Valderhaug og legg ikkje skjul på at han gjerne tar fire nye år.

Sjå oppdatert valresultat