Fem vil levere elektroarbeida på Nordøyvegen

– Vi er godt nøgd med konkurransen om oppdraget, seier prosjektleiar Marianne Nærø.

Prosjektleiar Marianne Nærø i Statens vegvesen og byggeleiar Svein Skeide.  Foto: Marius Simensen

Nyheter

Fem entreprenørar har levert tilbod på elektroarbeida på Nordøyvegen.

– No skal ei evalueringsgruppe gå igjennom alle tilboda og gjere ei grundig vurdering av kva tilbod som har det beste forholdet mellom pris og kvalitet, seier prosjektleiar Marianne Nærø i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Saka skal også opp i Statens vegvesen si anskaffingsnemnd før entreprenøren med det beste tilbodet blir innstilt til oppdraget.

Entreprenørane som har levert tilbod er Aventi Installation AS, Kraftmontasje AS, Mesta AS, Roxel Infra AS og Scanmatic Elektro AS.

– Vi håper vi kan tildele kontrakten i slutten av oktober. Då blir også kontraktssummen offentleg, seier Nærø.

Elektroarbeidet består av vifter, tunnelpumper, lys, sikringselektronikk med meir. Det har vore venta at kontrakten vil kome på 2-300 millionar kroner.