Dramaet etter valet i nye Ålesund held fram:

Sentrumspartia kan forhandle som éi blokk i kveld

Men Venstres Kari Grindvik veit ikkje ein gong om ho kjem inn i kommunestyret.

PÅ VIPPEN: Venstre gjorde eit skuffande val i nye Ålesund og fekk berre inn to mandat. Likevel sit Kari Grindvik med nøkkelen til kven som skal styre den nye kommunen dei komande fire år. Men per no er det usikkert om Grindvik sjølv kjem inn i kommunestyret.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Etter valet måndag kveld låg det lenge an til at det skulle bli ei borgarleg løysing i kommunestyret i nye Ålesund. No verkar ikkje alt så sikkert lenger.