Avklart i Giske

Tysdag kveld vart det inngått ein samarbeidsavtale mellom KrF, Ap og Sp i Giske.

Kåre Sæter er ny varaordførar i Giske kommune.  Foto: Nils-Harald Ånstad

Nyheter

Ikkje uventa held Harry Valderhaug (KrF) fram som ordførar i Giske. KrF er klart største parti i kommunen, med 25,5 prosent oppslutning.

Ny varaordførar blir Kåre H. Sæter (Ap), som erstattar for Britt Giske Andersen (Venstre). Arbeidarpartiet er tredje største parti i kommunen.

Slik vart valresultatet i Giske (ekstern side).

Fordelinga er gjort etter ein samarbeidsavtale mellom KrF, Ap og Sp. Desse partia har til saman 12 av dei 23 representantane i kommunestyret.

Brot med tidlegare praksis

Dette er eit brot med det som har vore praksis i Giske dei siste fire periodane. Under både Harry Valderhaug (KrF) og Knut Støbakk (KrF) har kommunestyret konstituert seg i eit felles møte, der nest største parti har fått varaordføraren. Denne gongen er det Høgre med fire representantar som er nest størst.

Målet med ei felles konstituering har vore å unngå splid mellom ein opposisjon og ein posisjon.

– Tidlegare har vi fått respons frå dei andre partia på at dei ønskte ei felles konstituering. Denne gongen høyrde vi ikkje noko frå og fekk invitasjon frå Ap og Sp, seier Valderhaug.

Ordføraren understrekar at det er mange leiarverv som ikkje er fordelt når kommunestyret skal konstituerer seg.

– I samarbeidsavtalen opnar vi så absolutt for ein god dialog på tvers av partia og at vi viser dette også i konstitueringa, seier Valderhaug.

I livsløpsutvalet blir Monika Vartdal Giske (Sp) leiar og Erlend G. Holm (Ap) nestleiar. Dette utvalet er ei samanslåing av komité for oppvekst og kultur og komité for helse og omsorg. Ingen andre verv er fordelt i samarbeidsavtalen, opplyser ordføraren til Sunnmørsposten.


Harry Valderhaug og KrF aukar

KrF og ordførar Harry Valderhaug får meir enn kvar fjerde stemme i Giske.

Tagger:
Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Nyheter