Dette er Stryn kommunestyre

Berre sju representantar i det nye kommunestyret i Stryn er kvinner.

Ordføraraktuell: Per Kjøllesdal (Sp) ligg an til å bli Stryn sin nye ordførar. Her er han flankert av Haldor Hove (Ap) og Kari Synnøve Muri (KrF). Dei tre partia har fleirtal i kommunestyret og jobbar no for å få til ein politisk plattform.  Foto: Bengt Flaten, Fjordingen

Nyheter

Kommunestyret i Stryn har 25 medlemer, men berre sju av dei nye representantane er kvinner, ifølgje valprotokollen frå årets kommuneval.

Senterpartiet har største gruppa, med ni medlemer, men berre to av dei er kvinner. Høgre er nest størst og har kjønnsbalanse, med fire kvinner og fire menn.

Arbeidarpartiet og Venstre har berre fått inn menn, sjølv om listene i utgangspunktet hadde god representasjon av kvinner.

Desse er valde inn i kommunestyret:

Senterpartiet:

1. Per Atle Kjøllesdal

2. Silje Åsnes Skarstein

3. Arnt Magne Paulen

4. Rune Myklebust

5. Johan Berge

6. Kjell Ove Bergset

7. Oddbjørn Reme

8. Grete Haugen Vinsrygg

9. Bjørnar Bøe

Høgre:

1. Sven Flo

2. Aud Kristin Løvlid

3. Arnljot Sæternes

4. Sonja Merethe Øvre-Flo

5. Ellen Hilde Hauge

6. Inge Arne Bøe

7. Barbro Hammer Moen

8. Vegard Rake Midtun

Arbeidarpartiet:

1. Haldor Andre Lundgård Hove

2. Bjørn Aage Haugen

3. Jan Træen

4. Jarle Hessevik

Venstre:

1. Torstein Tvinnereim

2. Endre Bø

Framstegspartiet:

1. Anders Magne Vik

Kristeleg Folkeparti:

1. Kari Synnøve Muri