< Rekord i pizza-eksporten - smp.no/nyheter – Nyheter fra Ålesund, Sunnmøre og Nordvestlandet.

Mot rekord i pizza-eksporten

No har også utlendingane fått smaken på pizza frå Sunnmøre. Eksporten av frossen-pizza går mot nye høgder.

Stranda: Kvart år blir det produsert ca. 35 millionar pizza på Stranda. (Arkivfoto)  Foto: Terje Engås

Nyheter

Ein fersk rapport frå Landbruksdirektoratet viser at det i andre kvartal i 2019 vart eksportert 891 tonn frosenpizza, til ein verdi av 21,2 millionar kroner, til utlandet. Samanlikna med andre kvartal i fjor er det ein auke på heile 46 prosent, melder nettstaden godt.no.