Vindmøller på sunnmørskysten:

Snart klar for byggestart

I løpet av september kan dei vere i gang med å bygge vindkraftverket på Haramsøya.

Omtrent slik vil dei åtte vindturbinane på Haramsøya sjå ut frå Longva, ifølgje utbyggingsselskapet Zephyr AS. Det som blir planlagt er 82 meter tårnhøgde og 136 meter rotordiameter, totalt 150 meters høgde. Dei anslår ein kraftproduksjon på 112 GWh i året. Illustrasjon: Zephyr AS 

Nyheter

Det er straks klart for byggestart på vindkraftverket på Haramsøya, opplyser selskapet Zephyr AS. Dei har no selt aksjane til eit finsk selskap, og finnane vil gjerne kome i gang.