< Lien held fram i Vestnes - smp.no/nyheter – Nyheter fra Ålesund, Sunnmøre og Nordvestlandet.

Lien held fram i Vestnes

Senterpartiet sin 1.-kandidat i Vestnes, Geir Inge Lien, held fram som ordførar. Og Knut Flølo frå Frp skal likevel ikkje slutte med lokalpolitikk.

Gjenvalgt: Geir Inge Lien (Sp) held fram som ordførar i Vestnes.   Foto: Staale Wattø

Comeback: Knut Flølo (Frp) hadde tenkt å gje seg i lokalpolitikken. Det hadde ikkje veljarane tenkt at han skulle gjere.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

Det er klart etter at Sp, Frp, KrF og Høgre har inngått ein valteknisk samarbeidsavtale.

Avtalen inneber også at Randi Bergundhaugen frå Høgre held fram som varaordførar.

Frp, SV og PP fram

Senterpartiet fekk 31 prosent av røystene, mot 41,8 prosent ved førre val. Det betyr også at dei går ned frå 10 til sju representantar i kommunestyret. Dei tre plassane går i staden til Framstegspartiet, SV og Pensjonistpartiet.

Dette er tre parti som alle har kravd at Romsdalsaksen må utgreiast.

Flølo held fram

– Aksesaka påverka valresultatet. Desse tre partia gjekk fram, og dei fekk også flest røyster i den austre delen av kommunen, legg Lien til – som no går inn i sin tredje periode som ordførar i Vestnes.

Elles er det verdt å merke seg at Knut Flølo (70) hadde tenkt å gje seg i politikken og sto på sisteplass på Frp-lista. Men veljarane ville ha han med framleis, og han vart skubba opp på 4.-plass og fauk rett inn i kommunestyret.