Utfordringane står i kø for Eva Vinje Aurdal:

No skal Ålesund-ordføraren bere staur

Fem gamle kommunar skal bli til ein ny. Og den nye kommunen skal leiast av sju forskjellige parti. Men Eva Vinje Aurdal (Ap) trur det skal gå heilt fint.

FIRE NYE ÅR: Eva Vinje Aurdal (Ap) har vore politikar i noverande Ålesund kommune i 20 år. No skal ho leie nye Ålesund kommune, eit prosjekt ho har ivra veldig for. Vinje Aurdal har også leia fellesnemnda. Ho ser gjerne også at Giske og Sula sluttar seg til etter kvart, og at begge kommunane held fram med sine gamle ordførarar ser Vinje Aurdal på som ein fordel.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

Ho er den nye ordføraren i nye Ålesund, eller den gamle som skal leie ein utvida Ålesund kommune – alt etter korleis du ser på det. Det vart klart onsdag, etter to intense døgn med mykje fram og tilbake.