Valdramet i Sande er over:

Olav Myklebust vart likevel ordførar

Det er slutt på 12 år år med Høgre-styre i Sande. Olav Myklebust (Sp) er ny ordførar.

NY ORDFØRAR I SANDE: Olav Myklebust (Sp) frå Gursken er ny ordførar i Sande. Han har sete i kommunestyret i 20 år.  Foto: Vikebladet Vestposten (arkiv)

Nyheter

– Det blir ein ny kurs no, seier Myklebust.

Og siktar til at det no blir satsing på bulyst og å få kommunen ut av Robek-lista.

Det har vore dramatiske dagar i Sande-politikken etter at valresultatet vart klart måndag kveld.

GÅR AV: Dag Vaagen har vore ordførar i Sande i 12 år. Han må no gå av, sjølv om Høgre gjorde eit sterkt val.  Foto: Knut Arne Aarset

Høgre gjekk opp

Olav Myklebust rekna då med at han vart ordførar støtta av Ap og Frp, men seinare i veka begynte han å mistenke at fleirtalet kunne ryke.

Det kunne ha bana veg for ein fjerde periode med Dag Vaagen.

Høgre gjorde eit godt val og gjekk opp frå sju til åtte mandat.

Men samarbeidspartnaren, bygdelista Sande Vest, gjekk ned til to, så dei hadde ikkje lenger fleirtal saman. Då måtte dei ha fått med Frp, som var i tenkeboksen heilt til onsdag.

Men seint onsdag kveld kom det på plass ein avtale som gjorde at Olav Myklebust vart ordførar med Einar Ekroll (Frp) som vara.


Bjørn Prytz blir ny ordførar i Herøy

Dermed blir det Arbeiderpartiet som får ordføraren i Herøy, etter 16 år med Høgre-styre. Bjarne Kvalsvik frå Folkelista blir varaordførar.


20 år i kommunestyret

Arbeidarpartiet, som i likskap med Senterpartiet fekk inn fire mandat, må nøye seg med to plassar i formannskapet.

– Vi tek sikte på å lage ei plattform, men posisjonane er grovt sett fordelte, seier Myklebust.

Plattforma skal etter planen handle om dei nemnde fanesakene som bulyst og økonomistyring.

– Vi slit med folketalet, og vi har eit for høgt driftsnivå i kommunen, seier Myklebust.

Han har 20 års fartstid i Sande kommunestyre-.


Valg 2019:

Desse skal vere ordførar i komande periode

Ordførarspørsmålet er no avklart i alle kommunane på Nordvestlandet.