< Sølvi trekte det lengste strået - smp.no/nyheter – Nyheter fra Ålesund, Sunnmøre og Nordvestlandet.

Senterpartiet får ordføraren i Volda:

Sølvi trekte det lengste strået

Sølvi Dimmen frå Senterpartiet blir ny ordførar i Volda. Ho er så langt ein av 12 ordførarar frå Sp i Møre og Romsdal.

Volda: Varaordførar Sverre Leivdal (Ap) og ordførar Sølvi Dimmen (Sp).  Foto: Terje Engås

Nyheter

Bak den valtekniske avtalen i Volda står Senterpartiet, Arbeidarpartiet, Miljøpartiet Dei Grøne, SV og Raudt. Avtalen inneber også at Sverre Leivdal (Ap), blir ny varaordførar i Volda. Leivdal skal vere varaordførar i 40 prosent stilling.