Bernt Brandal ny ordførar i Hareid

Bernt Brandal (Folkelista) blir ny ordførar i Hareid. Annika Brandal (Venstre) får rolla som varaordførar.

STEGET OPP: Bernt Brandal og Annika Brandal skal styre Hareid dei neste fire åra. Annika Brandal har langs fartstid frå kommunstyret som Venstre-politikar, medan Bernt Brandal har representert Folkelista den siste perioden. No tek han steget opp som ordførar.   Foto: EINAR ORTEN TROVÅG

Nyheter

Den politiske løysinga for Hareid dei neste fire åra vart presentert på Hareid rådhus fredag klokka 19.00.

Det er Folkelista, Venstre, Arbeidarpartiet og KrF som har laga eit valteknisk samarbeid.

KOALISJON: Representantar frå samarbeidspartia Ap, KrF, Venstre og Folkelista. I front varaordførar Annika Brandal.  Foto: EINAR ORTEN TROVÅG

- For heile kommunen

Både ordførar Bernt Brandal og varaordførar Annika Brandal er frå krinsen Brandal.

– Men vi skal sjølvsagt jobbe for heile kommunen, seier duoen til Sunnmørsposten.

Arbeidarpartiet får leiaren i levekårsutvalet, medan Folkelista får leiaren i nærings- og miljøutvalet.

Det er enno ikkje laga ei politisk plattform, men den nye alliansen kjem til å legge vekt på til dømes stram økonomistyring, næringsutvikling og kultur.

Frp var størst

Mange venta at Oskar Grimstad (Frp) skulle bli ny ordførar i Hareid. Frp vart største parti med sju mandat. Folkelista vart nest største parti.

Dei har vore størst dei tre siste vala utan å få ordføraren. No lykkast dei altså i det.

For fire år sidan vart først Kristian Fuglseth (Folkelista) presentert som ny ordførar, støtta av Ap, Venstre og KrF. Den alliansen sprakk, og Anders Riise (H) fekk ein ny periode.

– Men det er heilt usannsynleg at samarbeidet kjem til å sprekke denne gongen. Vi har hatt gode samtalar denne veka og er ikkje ueinige om korleis dette skal løysast, seier Bernt Brandal.

Einaste uavhengige

Mange i Hareid har brukt Facebook denne veka til å ytre misnøye med at Oskar Grimstad ikkje låg an til å bli ordførar, noko som altså vart bekrefta fredag kveld.

Men Bernt og Annika Brandal seier at dei er sikre på at det vil bli eit godt samarbeid i kommunestyret dei neste fire åra.

– De er alltid slik at nokre blir skuffa etter eit val, seier Annika Brandal.

Bernt Brandal blir det einaste politikaren frå ei uavhengig liste som blir ordførar på Nordvestlandet denne perioden.

Ingen kommentar frå Grimstad

Frp sin ordførarkandidat Oskar Grimstad ønskjer fredag kveld ikkje å kommentere ordførarspørsmålet.

Men på si offentlege Facebook-side har han kommentert saka og skriv følgjande:

«Desse som vel å holde valgvinnar FrP utanfor forventar eit framifrå samarbeidsklima blandt alle folkevalgte dei neste fire åra. Kvifor skal vi låse oss til eit samarbeid med dei som trakkar på folkeviljen uttrykt gjennom demokratisk val?»

Grimstad ber så veljarane la vere å legge ut ufine og hatske kommentarer under innlegget.

– Betyr det du skriv at du ikkje er innstilt på noko form for samarbeid?

– Eg vil ikkje kommentere dette no, seier ein ordknapp Grimstad før han legg på.